Ny merkevare for Visit Nordfjord
Nyhet

Ny merkevare for Visit Nordfjord

mandag 26. september 2016

Creuna har laget ny merkevareplatform for destinasjonen Nordfjord.

I desember 2015 blei det bestemt at destinasjonsselskapet for Nordfjord-regionen i Sogn og Fjordane skulle samle seg om fellesnemnaren Nordfjord -  og namnet blei endra til Visit Nordfjord. Nokre månader seinare var ny merkevare og visuell identitet klar, med samla fokus og felles mål for merkevarebygging på tvers av alle næringane i Nordfjord.

Utfordringane

Nordfjord er lite kjend, også i Norge, og Norge er eit lite land i ei stor verd. Merkevaren har som oppgåve å sette Nordfjord på både Norgeskart og verdskartet. Nordfjord er som indrefileten i det norske reiselivsproduktet, men treng å få fram kva som er unikt samanlikna med andre fjordregioner i Norge. For mange er Nordfjord i dag berre eit stopp på reisa frå Sognefjorden til Geiranger. Merkevaren skal gjere turistane nysgjerrige og lystne på å bli lengre og oppleve meir av regionen.

 Alt i ein fjord

Nordfjord er den mest kompakte og komplette opplevinga av Norge, med spektakulær natur og opplevingar i hjartet av det norske reiselivsproduktet. Innafor eit avgrensa og svært tilgjengeleg område mellom den store breen og storhavet er det tett mellom mektige naturopplevingar, stimulerande aktivitetar, god lokal mat og rike kulturopplevingar som gir ei heilskapleg oppleving av det særeigne Norge. Ei reise gjennom Nordfjord er det ypparste Norge har å by på. I Nordfjord finn du alt –derav slagordet  ”alt i ein fjord”.

Fram med spydspissane

Nordfjord er kompakt og komplett, men treng å lyfte fram spydspissane og høgdepunkta der dei er størst og best og høgast og villast. Dette skal nordfjordingane no seie høgt og tydeleg og med sjølvtillit, utan å vere brautande. Slik skal ein få folk til å stoppa opp og legge merke til Nordfjord.

I Nordfjord har dei til dømes det villaste havet i Norge, det høgaste fjellet i Norge med foten i fjorden, det tøffaste fjelløpet i Norge, den størstefastlandsbreen i Europa, det største vikingskipet i verda, og meir til.

Namn og logo er samme sak

Logoen lyfter fram namnet. Nordfjord med ”nord” og ”fjord” er det beste namnet ein destinasjon kunne hatt, særleg internasjonalt. Namnet er gjeven ein form som er inspirert av forma på sjølve fjorden. Den er dynamisk og ber i seg lovnad om ei reise. Samtidig er den gjort kompakt – Nordfjord er 100 km der det er tett mellom høgdepunkta. Slagordet ”alt i ein fjord” strekar under dette – her finn du alt, ikkje berre dei storslåtte naturopplevingane, men og kultur og matopplevingar som gjer Nordfjordbesøket komplett.

 Vellukka lansering

Lanseringa i det flotte operahuset skapte begeistring og mykje omtale i presse og sosiale medier. Om lag 300 gjester fekk oppleve eit fengande arrangement leia av Creunas konsernsjef Arne Hjeltnes, som blant anna inkluderte lanseringsfilm og opplesing av ”Nordfjord – ein leik med ord” – eit spesialskrive dikt om regionens fortrinn og særpreg. I løpet av dei tre første dagane etter lansering fekk filmen over 14 000 syningar.

Creuna sitt team:

John Aurtande, rådgjevar
Marc Ligeti, lead designer
Stein Øvre, senior designer
Balder Dysthe, junior designer
Olav Nausthaug, tekstforfattar
Lisbeth Fasting, prosjektleiar

Se presentasjonen av jobben her