Nordfjord – Alt i ein fjord

Nordfjord er blitt samla til eit turistrike og har blitt ein meir synleg og attraktiv destinasjon. Ny merkevare, visuell identitet og kommunikasjonskonsept framhevar Nordfjord som eit kompakt og komplett stykke Norge, med unike  sjåverdigheiter og opplevingar som spydspissar.

Visit Nordfjord

Turistselskapa i Nordfjord-regionen i Sogn og Fjordane tok namnet Visit Nordfjord i 2016, og fekk hjelp av Creuna til å utvikle ny merkevare og visuell profil. No har både store og små aktørar i Nordfjord-regionen fått ei god ramme å sette si marknadsføring og profilering inn i, og ei rikhaldig verktøykasse som gjer det enklare å vere ein profesjonell aktør. 

Svar på utfordringar

Nordfjord er lite kjend, også i Norge, og Norge er eit lite land i ei stor verd. Merkevaren har som oppgåve å sette Nordfjord på både Norgeskartet og verdskartet. Nordfjord er som indrefileten i det norske reiselivsproduktet, men treng å få fram kva som er unikt samanlikna med andre fjordregioner i Norge. 

Alt i ein fjord

Nordfjord er den mest kompakte og komplette Norgesopplevinga, med spektakulær natur og opplevingar i hjartet av det norske reiselivsproduktet. Innafor eit avgrensa og svært tilgjengeleg område mellom den store breen og storhavet er det tett mellom mektige naturopplevingar og aktiviteter, god lokal mat og rike kulturopplevingar. I Nordfjord finn du alt – av dette slagordet  ”alt i ein fjord”. 

Fram med spydspissane

Nordfjord er kompakt og komplett, men treng å lyfte fram spydspissane og høgdepunkt der dei er størst og best og høgast og villast. Dette skal nordfjordingane no seie høgt og tydelig og med sjølvtillit, utan å vere brautande.

I Nordfjord har dei til dømes det villaste havet i Norge, det høgaste fjellet i Norge med foten i fjorden, det tøffaste fjelløpet i Norge, den største fastlandsbreen i Europa, det største vikingskipet i verda, og meir til.

Meir enn natur

Nordfjord har meir å by på enn fantastisk natur. Tre satsingsområder har fått namn og logo for å streke under dette: Nordfjord Saga – kultur og vikinghistorie; Nordfjord Spor – aktivitetar som ski, sykkel og vandringar; og Smak – lokal mat og drikke.

Leveransar

Creuna har utvikla merkevareplattform, designprogram med logo, nettstadsdesign, nettinnhald, kommunikasjonskonsept og lanseringsfilm – og arbeider løpande med implementering.

Fakta

Kunde
  • Visit Nordfjord
Lansert
  • 2016
Prosjekt
  • Visuell identitet

Team

Grafisk designer
Grafisk designer
Motion og design
Tekstforfatter
Prosjektleder
Strategisk rådgiver
Strategisk rådgiver
Strategisk rådgiver

Resultat

14 000

visninger av lanseringsfilm etter tre dager